21. april 2013

Vår i hagen ♡

Ah, som eg gledar meg over at våren endeleg ser ut til å vere på veg :D No håpar eg berre så inderleg at vi har sett det siste av snøen og at den no klarar å halde seg unna heilt til hausten er forbi, og vinter igjen er velkomen. No skal i allefall den komande tida nytast til det fulle - våren er ei fin tid 


Vi har allereie innvia terassen vår der vi no har fått på plass nokre av hagemøblane, og i løpet av gårsdagen hadde vi vårens første utedag i hagen. Vi hadde oss ei skikkeleg økt der vi fekk raka saman ein god del lauv, for deretter å få samla alt rasket i bossekkar.


Det er så fantastisk å vere ute om dagen, særleg no som alt spirar og gror - fine pusekattar byrjar no endeleg å syne seg på greine rundt om kring.


Eg gledar meg stort til å kunne putle rundt i hagen framover - eg er så utruleg glad for at vi endeleg er eigarar av eige hus og ikkje minst ein tilhøyrande hage.


Framover har vi store planar om å få gravd opp i hagen for å få lagt inn nye røyr, til vatn og avløp, i frå det kommunale nettet. Eg har også eit ørlite håp om at vi med tid og stunder kanskje også kan få tid til å byggje på og utvide inngangspartiet vårt, slik at det får eit litt meir heilheitleg preg over seg.

2 kommentarer:

  1. Så fine bilder, hvordan klarer du det :)

    SvarSlett
  2. Våren er så utrolig herlig!:) Selv om jeg hater hagearbeid..er det på et vis litt godt også..Man er ute og forbereder sommeren<3 Jeg elsker å ha hage..så man slipper vel ikke unna den biten uansett;) Nydelige bilder du viser:) Skikkelig vårstemning! Kunne bare denne snøen gi seg nå så! ;)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...