20. mai 2009

U Ferdige Objekter (UFO)

Som eg skreiv i kommentarfeltet i innlegget under så er eksamenstida like rundt hjørnet. Den første eksamenen for min del, går av stabelen mandag 25. mai. Dette er ein muntleg gruppeeksamen i begynnaropplæring (BOL) som består av faga norsk, matematikk og pedagogikk. Dette burde jo dermed vere eit sikkert teikn på at eg skulle halde meg langt unna alt som heiter blogg, hobby, pc og liknande. Eg burde bruke all mi dyrebare tid på å grave meg ned i diverse pensumbøker og anna faglitteratur.

Men, neidå! Her sitter eg. Med pc`en godt planta i fanget. Og innlegget ser i tillegg ut til å bli eit av dei lengste innlegga eg har skrevet hittil.

Såh! Over til det eg eigentleg skulle skrive om i dagens innlegg. Det har seg nemleg slik at eg har ein haug med påbegynte (små)prosjekt på hobbyfronten. Desse har eg no bestemt meg for at eg skal gjere ferdig i nærmaste framtid. Men målet er vel igrunn å klare det utan å begynne på endå fleire nye prosjekt! Ønsk meg lykke til! Og om eg ikkje skulle bli ferdig... Jah, då skyldar eg på at eg held på å lese til eksamen (!?!)

UFO #1:
Ei oppvaskfille strikka i "Mandarin Petit" og på pinnar nummer 4,0 mm. Denne burde jo vere ein enkel sak å ferdigstille!

UFO #2:

Eit par sokkar, størrelse MANN!
Snart ferdig med ein, så "one to go"!
UFO #3:

Eit par sokkar til meg sjølv =)
Her er det omtrent berre tåfellinga som gjenstår.
UFO #4:
Endå eit par sokkar til meg sjølv =)

UFO #5:

Eit par sokkar, størrelse 2 år.

5 kommentarer:

  1. Eksamen er ikke gøy..
    Selv hadde jeg årets eksamener i mars, og mens jeg leste til disse så brukte jeg strikking som belønning for å være flink til å lese - 1/2 times eksamenslesing = 1/2 times strikking. Og sånn gikk dagene :-) Kanskje det kan fungere for deg også.

    Lykke til i allefall :-)

    SvarSlett
  2. Lykke til med både eksamen og prosjektene dine.
    Klem:D

    SvarSlett
  3. Eksamen får meg til å ha et ryddig og rent hus. Det er aldri så gøy å vaske hus som ved eksamenstider. Mange UFOer som nesten er ferdig der. Jeg tror ikke jeg skal vise fram mine UFOer.

    SvarSlett
  4. Ja, det er rart hvordan man gjør seg travel med alt mulig "unyttig" når en deadline nærmer seg og man absolutt burde konsentrere seg om Den Store Oppgaven...
    De grå sokkene du strikker til deg selv ser utrolig lekre og gode ut. Jeg er vanligvis en hund etter farger, men disse var så delikate.
    Lykke til med eksamen!
    Pludrehanneklem

    SvarSlett
  5. Lykke til med både eksamener og UFO'er! Og skulle du ha litt UFOviljestyrke igjen etter å ha blitt ferdig med dine, så send gjerne litt av den type viljestyrke over fjellet til meg!! :p Har sofaen full av UFOer nå, innbiller meg at de blir fortere ferdig om jeg ser de. Til nå er det nettopp å se på de jeg har gjort...

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...