Det er igjen blitt oktober og Rosa sløyfe-aksjonen er no i gong. Målet med denne aksjonen er å syne solidaritet med brystkreftramma, spreie informasjon og auke kunnskapen om brystkreft, samt å samle inn pengar til forsking på dette området. Aksjonen vert markert i heile oktober, og kampen mot brystkreft vert symbolisert
av den rosa sløyfa;
av den rosa sløyfa;
Den rosa sløyfa kan du blant anna kjøpe her.
♡♡♡
Eg ynskjer sjølvsagt å støtte vidare forskning innanfor området, og har dermed støtta Rosa sløyfe-aksjonen, også i år. Denne gongen har eg valt å støtte aksjonen ved å kjøpe mønsteret til "Rosasløyfesokk" på Ravelry. Så no er passande garn og pinnar funne fram, og eg er klar til å sette i gong med eit av årets mest givande strikkeprosjekt;
Ved å kjøpe dette mønsteret støttar du Kreftforeninga med 100 kroner. Mønsteret er laga av Lill C. Schei. Det er designa spesielt for Rosa sløyfe-aksjonen, og pengane går uavkorta til forskning på brystkreft.
♡♡♡
Ved å kjøpe dette mønsteret støttar du Kreftforeninga med 100 kroner. Mønsteret er laga av Lill C. Schei. Det er designa spesielt for Rosa sløyfe-aksjonen, og pengane går uavkorta til forskning på brystkreft.
♡♡♡
Ver rosa i oktober, du óg!
Takk for tipset! Så flotte disse er. Jeg har hverken sett sokkene eller mønsteret før, flott at du sprer det gode budskap :) Er du begynt - er mønsteret vanskelig....? Ser litt heftig ut, men så gjennomført. Jeg strikket Drops sin "Denver-sokk" i rosa og hvit tidligere i vår til ei venninne som kjemper mot brystkreft. Dette budskapet går rett hjem hos meg.
SvarSlettEg har så vidt komme i gong med borda på sokkane, så er spent på korleis det går vidare :) Fine er dei i allefall - og mønsteret er utan tvil verdt kvar ei krone ❤ På eit eller anna tidspunkt vert diverre dei aller fleste av oss berørt av kreft, anten ein er så uheldig å sjølv få det, eller det er nær familie eller vener som vert ramma.
Slett