27. september 2009

Babyteppe

Da er to av babyteppa i tynn alpakka ferdig;

Her er det i lyserosa, medan det kvite allereie er ute av huset!
Det er så utruleg fort gjort å gløyme å ta bileter av ting, før dei blir gitt vekk.

18. september 2009

Kor mykje er ei jente verdt?


Plan Norge har ein jentekampanje gåande;

"Jenter blir i mange samfunn sett på som mindre verdt enn gutter. Resultatet av denne kjønnsdiskrimineringen er blant annet at færre jenter overlever de første årene, går på skole og de giftes bort mens de ennå er barn."


I tillegg til å vere plan fadder, har eg no også gitt mitt ansikt til støtte for denne saken;


Q; Har du gitt ditt ansikt?

15. september 2009

Garnkjøp!


Aller først må eg starte med å sei tusen takk til Veronica og Solveig for herlege bursdagspresangar!

Av Veronica fekk eg desse herlege nøsta;

Fire nøster med mirasol (100 % alpakka).

Av Solveig fekk eg eit gavekort på trådbtuikken. Noko som sjølvsagt resulterte i ein tur innom. Dette er også ein fin taktikk om ein ynskjer å bli kvitt litt pengar =)

Eg kom dermed ut igjen med dette;

Fire hefter med ulike oppskrifter;

Fire nøster med lyseblå babyull. Lurer på om det kanskje må bli ei babybukse eller noko liknandes av desse;

Desse tre nøsta er tiltenkt ei Mariushue;

Og desse to nøsta skal det nok lagast fleire slike herlege babyhuer med dusk av;

Og dette blei bestillt på nettet, og kom dermed i posten idag; Fire nøster Baby Silk frå "Du Store Alpakka". Desse blir det nok laga babyteppe av;

Fire nøster Tynn Alpakka frå "Du Store Alpakka". Det vert nok enda eit babyteppe av desse;

Desse herligheitene skal bli til sokkar, etterkvart;



Og av desse skal eg prøve meg på å lage ei pute / ein puff liknandes sak;

LYKKE!
Gjett om eg skal kose meg i tida som kjem =)

11. september 2009

Pakke i posten!

I dag dumpa denne herlegheita ned i postkassa  mi;


Heftet "Mauds Hjerte" av Ellinor Kvammen, inneheld mange herlege oppskrifter på sokkar, som eg ser fram til å prøve meg på å strikke. Ein stor applaus til Ronille (Ellinor) som står bak det heile!

1. september 2009

Babyteppe

Snakk om vinglepetter! Eg burde snart få diplom for antal påbegynte prosjekt :)
Det forige babyteppet er fortsatt berre halvferdig, og no har eg visstnok begynt på eit nytt!?!


Men denne gongen er eg heldigvis unnskyldt!

Grunnen til at eg har begynt på dette babyteppet er at det er ein ny verdensborgar like om hjørnet. Og alle er vel einige i at lyserosa ikkje passar til ein gut? Eller!?!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...