20. november 2011

Lys i mørket!

Lys i mørket er Kirkens Bymisjons årlege juleaksjon, med ei rekkje flotte arrangement og støttetiltak, for dei menneska som av ulike årsaker opplev jula som ei ekstra vankskeleg tid. I mange år har Kirkens Bymisjon mottatt heimestrikka plagg; det er hovudsakleg behov for tilbehør (strikka eller hekla) som vottar, huer, sokkar og skjerf.
No som vi går inn i ei tid som så mange av oss har venta på og ser fram til, så synest eg det er ekstra viktig å setje fokus på alle dei som ikkje har det så bra. Denne flotte aksjonen kunne eg dermed ikkje la gå usett forbi. Tok dermed ein kikk i lageret av ferdigstrikka produkt, der eg fann 3 par tjukkelabbar. I tillegg har eg strikka 2 panneband, samt eit skjerf - som skal sendast avgårde til nokon som verkeleg treng det. Bli med på utfordringa og bidra! Du vil glede både deg sjølv og ande. For meir info - trykk her.
Strikk - og gjer ein forskjell!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...