26. januar 2013

Tips; Morsdagsgåve!

Har du sett noko så nydeleg? Dette nydelege armbandet er laga av Fortryllande - by Charlotte, ei side som utan tvil er verdt eit besøk. Charlotte, jenta bak, lagar dei finaste ting  Eg fallt i allefall pladask for desse armbanda og var fint nøydd å bestille det som ein del av årets morsdagspresang :)

Eit mammasmykke, eller mamma-armband/øyredobbar er eit smykke som symboliserar antal barn ein har. Barna på smykket kan lagast som englar, figurar, perler, stjerner, hjarte, med meir. For meir informasjon om mammasmykker - trykk her.

21. januar 2013

Skappelgensaren...

Eg heiv meg rundt og begynte på den populære Skappelgensaren for ei tid tilbake, men sidan sist har den diverre tilbragt tida i ei skuff :/ Så her om dagen fann eg ut at det var på tide å ta den fram igjen - denne gongen for ferdigstilling. Det er tross alt berre bakstykket som gjenstår;


Denne gensaren er det heldigvis ikkje så mykje hokus pokus med - den er enkel og strikke og med såpass tjukk tråd og tjukke pinnar går det radigt unna :) I tillegg ser den ut til å bli både deilig og mjuk 

20. januar 2013

Bytte bloggplattform?

Den siste tida har eg tenkt litt på om eg skal ta steget vidare og bytte bloggplattform. For tida bloggar eg på blogg.no, men som mange andre før meg tykkjer eg at det no er på tide å skifte beite. Forandring frydar, er det visst noko som heiter!?! Så no lurer eg altså litt på om eg skal starte blogginga for fullt her på blogger.com ;)

Q; Kva for slags bloggplattform nyttar du? Kom gjerne med tips og idéar :)

19. januar 2013

Rolig lørdag!

I dag har vi hatt ein roleg laurdag. Vi har berre vore heime og slappa av, kost oss skikkeleg, med andre ord :) Nedanfor kjem eit lite bilete av Tassen som nyter livet på fanget til "papsen".

Ynskjer dykk ein riktig så fin laurdagskveld ❤

Personlig almanakk

I samarbeid med personligalmanakk.com hadde eg gleda av å dele ut ein valfri almanakk i årets julekalendar på bloggen. I den forbindelse fekk eg også mulegheita til å designe min eigen personlege almanakk :) I dag kom den i posten, så no kan det nye året begynne for fullt;
Inne på sidene til personligalmanakk.com kan du velge størrelse, fargar og innhaldt heilt sjølv, nett slik du ynskjer det. Du står med andre ord heilt fritt til å designe din eigen, heilt personlege almanakk. Betre kan det vel ikkje bli?


Eg er i allefall superfornøgd med utforminga av min personlege almanakk og eg ser med dette fram til å begynne å fylle den med årets avtalar og planar.

Dette er utan tvil ei perfekt gåve, anten til seg sjølv eller nokon ein er glad i 

//Reklame
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...