Då syner kalendaren endeleg desember, julemånaden, og i dag er det 1. søndag i advent. Julestemninga har byrja å bre seg i heimen og huset byrjar sakte men sikkert å fyllast av nissar, adventstakar og anna pynt som høyrer jula til ♡ Her om dagen var vi på kino, Solan og Ludvig; Jul i Flåklypa - ein fin start på førjulstida.
★★★
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
Det står å skinner for seg selv,
og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.
★★★
I år har eg valt å ikkje køyre noko julekalendar på bloggen, rett og slett fordi det krever ein heil del planlegging - og fordi at tida ikkje strekk til. Men, ikkje fortvil; Det vil komme eit par konkurransar i stadenfor, og i skrivande stund har du mulegheita til å vinne din eigen personlege almanakk. Trykk
her for å delta.