22. februar 2014

Hals

To små halsar har sett dagens lys. Oppskrifta er henta i frå boka "Strikk til nøstebarn" av Kathrine Gregersen. Ei nydeleg bok, med mange fantastiske oppskrifter. Slik som desse halsane, som er både enkle og raske å strikke.



Faktaboks;

Mønster; Strikk til nøstebarn.
Pinnar; 3,5 mm.
Garn; Babyull.
 




Eit fint, lite prosjekt dersom ein skulle vere så heldig å ha nokon einsame garnnøster liggande :)
Ha ein fin lørdag!

16. februar 2014

Fin søndag!

Eg kosar meg med strikketøyet mitt, samstundes som OL rullar over tv-skjermen. På pinnane har eg i augeblinken ei Nancy kofte med rundt bærestykke til meg sjølv. Oppskrifta på denne nydelege kofta er henta i frå Sandnes Garn sitt hefte "Tema 35; Norske ikoner".

Enn så lenge går det stødig framover. Bolen er ferdig og tilsidelagt, i påvente av armar og mønsterstrikk. Begge armane er no påbegynte, og dersom eg kjem i mål med dette prosjektet så er det faktisk eit av dei fyrste skikkelege klesplagga eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt :)

Ha ein fin søndag!

14. februar 2014

Happy Valentine`s`Day!

Happy Valentine`s Day! Håpar dykk alle har hatt ein fin dag så langt. Her i huset har vi ingen store planar for dagen. Vi har i grunn ikkje for vane å gjere noko stort ut av valentinsdagen, men eg synast likevel at det er koseleg å gjere litt ekstra stas på kvarandre.

Mannen i huset kom heim med ein nydeleg blomsterbukett 


Sjølv sette eg av litt tid på føremiddagen til å stelle i stand ein liten gåvepose,
med diverse godbitar i, til han 



Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det alltid er like kjekt med ein slik dag, der ein kan syne kvarandre litt ekstra merksemd. Likevel finnast det vel ingen tvil om at det er dei kvardagslege tinga som verkeleg er verdt noko - i det heile og store 

10. februar 2014

Søndag 09.02.2014

I går var ein fin dag! Vi har nemleg tilbragt dei siste dagane heime i Dale, og ut på ettermiddagen var vi på besøk hos mamma ein tur. Med pakke og det heile. Ho fortjenar nemleg litt ekstra merksemd på ein slik dag 

Litt tidlegare på dagen tok vi oss ein tur ut - sjølvsagt med fotoapparatet på slep.







Om litt set vi kursen mot Førde. Ein snartur innom sjukehuset, før vi vender nasa heimover igjen. Endå ei visdomstann skal opererast ut - og eg gledar meg stort til å bli kvitt dette svineriet :)

9. februar 2014

Morsdag!

Til mamma!
Da mødre ble til
var tanken ganske klar.
For mødre har noe i seg
som ingen andre har.
De øser av sin omsorg
og deler alt de vet.
De viser deg at livet
er håp og kjærlighet.
Derfor har vi mødre
og dersom du spør meg.
Den beste mor i verden
det er nettopp DEG! 
Gratulerar med morsdagen, mamma 
- og alle andre mødre!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...