"Ein kvar toåring treng ein mini-skappel..."
Som sagt, så gjort! Eg fann fram eit par strikkepinnar og kort tid etter vart denne gensaren overlevert i bursdagsgåve til ein nydeleg liten kar ♡
Som sagt, så gjort! Eg fann fram eit par strikkepinnar og kort tid etter vart denne gensaren overlevert i bursdagsgåve til ein nydeleg liten kar ♡
Eg valgte å pynte gensaren med nokre gule detaljar. Hekla ein kant rundt halsen og det gjorde seg også med ein liten "L" for finaste Lukas.
Gensaren er strikka i Hexa-garn (100% alpakka), og pinne nr. 5,0 mm. Eg har stort sett fulgt oppskrifta på "Sophia`s skappel-genser", men har lagt inn eit par justeringar undervegs :)
Strålande fornøgd med resultatet er eg i allefall, så no er eg nok berre fint nøydd til å hive meg rundt og få ferdigstillt ein slik gensar til meg sjølv også.
Forsatt fin søndag til deg!