Eg har strikka eit par babytøflar innimellom alle lappane til babyteppet :)
For dei som har fulgt meg ei stund no, så veit ein vel gjerne at slike prosjekt pleier å gå under "langtidsprosjekt" her hos meg. Og som kanskje nokon huskar så begynte eg jo både på bølgeteppet og fisketeppet for lang tid sidan. Kvar desse har tatt vegen? *KREMT* Nei, det snakkar vi ikkje meir om!
Her er i allefall tøflene;
Desse tøflene har eg strikka i tynn alpakka. Eg har brukt pinnar nummer 2,5 mm.