9. april 2012

Hilton London Metropole Hotel

Då var vil vel heime igjen etter eit fantastisk opphald i London. Vi har storkost oss! Men det er neimen ikkje til å stikke under ein stol at det er godt å komme heim igjen også. "Borte bra, men hjemme best" 

Eg tenkte eg skulle skrive litt om hotellet vi budde på denne gongen, for er det noko London er kjent for, så er det dårlege hotell. Det bør ikkje komme som noko sjokk dersom du bestiller rom på eit "hotell", men havnar i ei skikkeleg rønne. Fyrste gong vi var i London haavna vi på eit av desse hotella. Til tross for at mange av oss reiser til London for å shoppe, og gjerne berre skal nytte rommet til å sove - så er det likevel greit med ein viss standard.



Denne gongen la vi derfor litt meir pengar i hotellbudsjettet, og det er eg jammen meg glad for. Vi er i allefall veldig fornøgd med val av hotell, som var både reint og ryddig, i tillegg til å ha ein høg standard. Og med rom i 14. etasje er det i allefall ingenting å utsetje på utsikta;



Hilton London Metropole Hotel () er eit av Europas største hotell og konferansesenter, med godt og vel 1000 gjesterom i ulike størrelsar og kategoriar. Hotellet har ei fantastisk beliggenheit, sentralt i London. Med to undergrunnsstasjonar like i nærheita, kan ein rask flytte seg rundt i denne fantastiske storbyen. Frå hotellet er det kun 10 minutt med gange til London`s mest travle handlegate; Oxford Street! I tillegg tar det berre knappe 10 minutt med undergrunnsbana til fantastiske handleopplevingar på Westfield;



På Hilton London Metropole Hotel () finn ein også ei helse- og velværeavdeling, "Living Well Health Club". Her kan hotellets gjestar nytte seg av innandørs svømmebasseng, treningsrom, dampbad og badstue. Her vil du også finne ein sportsbutikk. Ellers har hotellet kaffibar, sportsbar og lounge, 24-timars room service, døgnopen resepsjon, frisør- og skjønnheitssalong, souvenirbutikk, med meir. Med andre ord; Alt du kan ynskje deg, og litt til.

Fleire Londontips kan du finne her :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...