6. mars 2013

Djevelhue + babytøflar


Ei ny djevelhue og eit par med babytøflar har no sett dagens lys. Eit fint lite sett, til ein herleg, liten sjarmør  

Eg likar best denne oppskrifta når det kjem til djevelhuer. Fantastisk med ei oppskrift som ikkje krever montering. Kun festing av trådar! Kjapp og morosam å strikke er den óg.

Det er fyrste gong eg har prøvd meg på å lage ei hue med i-cord snorer. For ein teknikk! Eg har tidlegare anten hekla eller strikka snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Synest desse snorene vart mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.

Faktaboks;
Mønster: Gros djevelhue.
Pinnar: 2,5 mm og 3 mm. 
Garn: Dale babyull.

Når ein sjølv ikkje har ein liten baby i hus er det kjekt å ha ein liten modell som velvillig stiller opp til fotografering :)

6 kommentarer:

  1. Helledussen kor nydelig :)

    Strikker du på bestilling?

    SvarSlett
  2. Ja, om du kunne tenkje deg eit slikt "sett", så skal ikkje det vere noko problem. Send meg ein mail dersom det er av interesse :)

    SvarSlett
  3. Kjempefint sett. Eg har tatt ut oppskrifta...denne hua skal eg strikke.
    God helg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, denne hua er ein klar favoritt her i hus. Så enkel og så grei som den er å strikke- og ikkje minst fin! Kos deg med strikketøyet :) Riktig god helg!

      Slett
  4. Klar favoritt, den lua, den er en av de somsitter best på. Kjempefint i blåt sett! God påske ønskes.

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...