29. juni 2013

Strikk eigne kjøkkenklutar!

Etter at eg strikka min første kjøkkenklut for nærmare 10 år sidan - så var det gjort. Eg har ikkje tal på kor mange klutar eg har strikka sidan den gong, men at eg har vore sjølvforsynt med kjøkkenklutar sidan, det rådar det nok ingen tvil om. Heilt klart dei beste kjøkkenklutane!


Oppskrift; Eg legg opp 3 masker og aukar deretter i nest siste maske på kvar pinne til omtrent halve nøstet er brukt opp. Deretter fell eg ved å strikke dei to nest siste maskene saman på kvar pinne til det gjenstår 3 masker på pinnen. Avsluttar så med å lage hempe på kjøkkenkluten ved hjelp av i-cord snor. For éin teknikk!

Kjøkkenklutar er superenkelt å strikke. I tillegg er det eit kjekt lite strikketøy å ty til framfor tv-skjermen. Freshe fargar etter eige ynskjer, og garn som kan vaskast på 60 grader. Betre kan det vel ikkje bli? Og dersom ein gjere litt ekstra ut av det og lagar eit mageband til klutane fungerar dei også perfekt som gåver :)

4 kommentarer:

  1. Så utrolig fine, Anette! Og du er også nydelig! Ønsker deg en fortsatt fin helg:)

    SvarSlett
  2. Hei, Anette! Må seie at du er skikkeleg flink! Håpar at du kan tipse meg om garn til kjøkkenklutar. Eg har strikka nokre i eit bomullsgarn frå Europris, men eg reknar med at du har erfaring med kva type garn som gir dei beste klutane. Tusen takk for ein flott blogg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for ein hyggjeleg kommentar :) Eg har strikka ein del kjøkkenklutar opp gjennom tidene, og prøvd ein god del garnsortar etterkvart. Likevel endar som oftast valet på Mandrin Petit frå Sandnes Garn. Eit litt dyrare garn enn dei ein til dømes finn på Europris og SparKjøp, men utan tvil verdt pengane :)

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...