16. februar 2014

Fin søndag!

Eg kosar meg med strikketøyet mitt, samstundes som OL rullar over tv-skjermen. På pinnane har eg i augeblinken ei Nancy kofte med rundt bærestykke til meg sjølv. Oppskrifta på denne nydelege kofta er henta i frå Sandnes Garn sitt hefte "Tema 35; Norske ikoner".

Enn så lenge går det stødig framover. Bolen er ferdig og tilsidelagt, i påvente av armar og mønsterstrikk. Begge armane er no påbegynte, og dersom eg kjem i mål med dette prosjektet så er det faktisk eit av dei fyrste skikkelege klesplagga eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt :)

Ha ein fin søndag!

2 kommentarer:

  1. Så koselig søndag du har :) Her er det også strikking og TV, men jeg orker ikke se på OL :P
    Den Nancy-kofta er så lekker! Tror nok den havner på pinnene her også etterhvert. Hvis jeg tør å begi meg ut på klipping og sånt da :P

    Ha en finfin uke :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggjeleg kommentar på bloggen min :)

      No skal eg ikkje skryte på meg den største OL-interessa. Det er vel først og fremst mannen i huset som ser på sport, men så lenge eg har strikketøyet innanfor rekkevidde er det i grunn heilt greit for min del :)

      Eg fall for denne kofta umiddelbart :) Litt skeptisk til montering! Trur nok at eg må sikre meg litt hjelp når klippinga nærmar seg. Berre meg og saksa høyrast noko skummelt ut - i allefall første gongen :D

      Ha ein fortsatt fin kveld!

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...