Då har endeleg gjesterommet fått ein heilt ny utsjånad og jobben med å pusse opp dette rommet nærmar seg slutten. No er det i grunn berre litt småtteri som gjenstår før vi kan sei oss ferdig.
ROMMET FØR;
// Bilete ovanfor er henta i frå prospektet/salsannonsa som låg ute på finn.no, og her kan ein sjå korleis dette rommet såg ut i det vi kjøpte huset.
ROMMET UNDERVEGS;
ROMMET NESTEN FERDIG;
// Det går framover; Veggar, tak og golv er reve. Nytt og mindre vindauge er blitt sett inn.
// Golvet vert lagt og vi har valt å leggje varmekablar, eller såkalla varmefolie, under. Igjen fall valet på Pergo Laminat Domestic grå eik 3-stav - det same golvet som vi tidlegare la på vårt eige soverom. Love it!
ROMMET NESTEN FERDIG;
// Oppussinga nærmar seg endeleg slutten. Vi har valt å leggje gips på tre av veggane og smartpanel på den siste. Kontrastveggen har vi malt i Lady Pure Color Supermatt, i fargen 0553 Ascott.
Det einaste som står igjen no er å få på plass golv- og hjørnelister. Samt lister rundt ny dør. Så er det berre å begynne med å få på plass seng, nytt klesskap, gardiner, osv. Eg klarar nesten ikkje å vente.
Det er jo i grunn denne delen som er den kjekkaste.
Så flott det ble :)
SvarSlettEr utrolig hva litt maling, og nye gulv gjør med ett rom.
Super flott :)
Takk! Ja, det er ikkje alltid dei store forandringane som skal til for å gje rommet eit heilt nytt uttrykk :)
Slett