// Annonselenkjer
Strikk er i vinden som aldri før. No som hausten er kommen og strikkesesongen trår til for fullt, står strikkebøkene i kø for å bli utgitt. Så denne hausten har eg sikra meg fleire godbitar til samlinga mi, blant anna "Strikk til mamma og mini", "Strikk meir til nøstebarn" og "Skappelstrikk". Bøkene inneheld utruleg mange flotte oppskrifter. Eg ser fram til å kunne sette meg ned med strikkepinnane og ein kopp med te, spesielt no som det vert kaldare og mørket begynner å senke seg utanfor på kveldstid.
I tillegg til dei tre bøkene ovanfor har eg óg kjøpt bøkene "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos og "Strikk til smårollinger". Første prosjekt ut er Arne & Carlos si Hagemus. Har nett begynt på eit eksemplar av Magnus Hagemus i grått og tenkte at han etterkvart også skulle få eit sett med passande klede.
Tips; Boka "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her :)
Tips; Boka "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤
Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.