26. september 2014

Mange godbitar!

I dag var det reine julafta her i huset, og du kan tru det er nokon som skal kose seg i helga. Mange flotte oppskrifter og ikkje minst mange herlege garnnøster i ulike variantar 


God helg til deg og dine!

22. september 2014

Magnus Hagemus

// Annonselenkjer
Av ein liten garnbunt og nokre ledige stunder tok det ikkje lange tida før Magnus Hagemus vart til. Det vert ein del putl med slik småstrikk, men eg må sei meg godt nøgd med det ferdige resultatet. Vert nok fleire eksemplar av denne vesle sjarmøren. Hagemusa har no funne sin plass i barnehagen - til glede for både liten og stor :)


Ved hjelp av eit par små garnrestar fekk han seg jammen meg ein stripete gensar òg... Eit genialt prosjekt dersom ein ynskjer å bli kvitt litt restegarn.


Mønsteret til Magnus Hagemus er henta i frå boka til Arne & Carlos - Håndarbeid fra hagen. Denne boka er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her.

20. september 2014

Nye strikkebøker

// Annonselenkjer
Strikk er i vinden som aldri før. No som hausten er kommen og strikkesesongen trår til for fullt, står strikkebøkene i kø for å bli utgitt. Så denne hausten har eg sikra meg fleire godbitar til samlinga mi, blant anna "Strikk til mamma og mini", "Strikk meir til nøstebarn" og "Skappelstrikk". Bøkene inneheld utruleg mange flotte oppskrifter. Eg ser fram til å kunne sette meg ned med strikkepinnane og ein kopp med te, spesielt no som det vert kaldare og mørket begynner å senke seg utanfor på kveldstid.


I tillegg til dei tre bøkene ovanfor har eg óg kjøpt bøkene "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos og "Strikk til smårollinger". Første prosjekt ut er Arne & Carlos si Hagemus. Har nett begynt på eit eksemplar av Magnus Hagemus i grått og tenkte at han etterkvart også skulle få eit sett med passande klede.


Tips; Boka "Håndarbeid fra hagen" av Arne & Carlos er no på tilbod og kan blant anna kjøpast her :)

18. september 2014

Bursdagsfeiring

Dagane flyr forbi, og ei ny arbeidsveke er snart omme. Etter to travle veker med både reising og bursdagsfeiringar skal det no bli godt å kunne slappe heilt av i helga. I helga som var hadde vi storfint besøk og feira 30-års dagen med familie og vener. 

// På menyen stod blant anna heimelaga pizza og pastasalat

Vi har verkeleg kost oss med fint besøk, god mat, friske bær, cupcake`s og diverse kaker. 
Ein fin dag, med andre ord 

// Pavlovakake med ferske bringebær, jordbær og kiwi, ulike cupcakes og nydeleg osteiskake

Det er ikkje så aller verst å runde 30... I allefall ikkje når mannen i huset hadde bestemt seg for å overraske meg med ei reise til ein noko "hemmeleg" destinasjon. Eg hadde med andre ord ingen anelse om kvar vi skulle. Ikkje før vi svinga inn på parkeringa og Kiel-båten stod foran oss. Ei fantastisk oppleving og ein fin tur 

Og med fin familie, gode vener og flotte kollegaer har overgangen frå 29 til 30 gått smertefritt :)

8. september 2014

Happy 30!

Det er ikkje så aller verst å runde 30... I allefall ikkje når mannen i huset hadde bestemt seg for å overraske meg med ei reise til ein noko "hemmeleg" destinasjon. Eg hadde med andre ord ingen anelse om kvar vi skulle.

Tidleg laurdags morgon reiste vi avgårde og første stopp på turen var Gol Dyrepensjonat. Ein tipp topp stad for hundeferiering, perfekt plassert i flotte og landlege omgjevnadar. Her vart Lucy og Tassen overlevert i trygge hender, medan vi sette kursen vidare mot Oslo.

Image and video hosting by TinyPic

Vel framme i Oslo parkerte vi bilen og gjekk ombord i Color Magic. Med oppgradert lugar og 5-retters middag var det duka for eit fantastisk opphald - i to herlege døgn. Det vart også sett av litt tid til eit besøk i Kiel (Tyskland), medan skipet låg til kai.


Vi har kost oss med shopping, ein tur på båtens eiga spaavdeling, inntatt fleire nydelege måltid, med meir - ja, vi har rett og slett nytt kvarandres selskap.


Eit fantastisk avbrekk frå kvardagen og ikkje minst ein flott avslutning på tilværelsen som 29-åring :)
Tusen takk for ei fantastisk oppleving 

3. september 2014

Blekkspruthals

Her om dagen fann eg ut at eg måtte finne meg eit lite og enkelt prosjekt som eg kunne kose meg med inn i mellom alle dei andre prosjekta som eg har på pinnane i skrivande stund. Valet falt på denne blekkspruthalsen - og eg er strålande fornøgd med det ferdige resultatet. Utan tvil ein flott hals!


Denne halsen har eg valt å strikke i garnet "Emilie" frå Spar Kjøp, og eg har nytta pinne 3,5 mm. Etter nokre timar med koseleg strikk, og ei lita runde med strykejarnet, er halsen no ferdig og klar til bruk.

Oppskrifta på blekkspruthalsen kan du finne her.

1. september 2014

1. september

Tenk, i dag er det første september! Sumaren er over for denne gong og kalendaren syner at den første haustmånaden no er på plass. Personleg elskar eg denne tida av året. Elskar hausten som kjem snikande rundt hjørnet. Elskar dei mørke og koselege kveldane no fram mot jul.


Det er få ting som er så koseleg som å sitje inne når regnet piskar mot ruta. Det å kunne tenne stearinlys no som kveldane fort vert mørkare. Eller kva med å nyte ein stor, varm kopp med te? Kveldskos foran peisen eller under eit varmt pledd i sofaen er heller ikkje å forakte - i allefall ikkje når gradestokken stadig synk. Strikketøy er sjølvsagt også eit nødvendig gode. Hausten er vakker 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...