22. februar 2015

Nancykofte

For tida rådar det stor koftefeber i strikkeverda. Både på facebook og ulike bloggar rundt om i det ganske land vert det synt fram kofter i fleng. Blant desse finn du den nydelege Nancy-kofta med rundt bærestykke. Denne kofta er alldeles nydeleg og den måtte berre bli mi.















Jakka finn du i heftet "Tema 35; Norske ikoner" frå Sandnes Garn, og den er strikka i Mini Alpakka. Pinne nr. 2,5 mm og 3,0 mm.






















Elles valde eg å hekle to rader langs oppklippsmaskene, i stadenfor å sy, for så å klippe mellom desse. Tommel opp!





















Og så var det dette med montering. Kan tru eg var spent! Dette er nemleg første gongen eg har montert eit prosjekt som innebærer å klippe i strikketøyet. Eg var med andre ord ikkje særleg høg i hatten i det eg sette i gong med saksa...

Dette er faktisk det første plagget eg strikkar til meg sjølv - om ein ser vekk i frå sokkar og slikt. At det tok meg eit heilt år å få den ferdig er ikkje noko vi snakkar høgt om :D Fin er den i allefall; Min favoritt!

6 kommentarer:

  1. Nydelig Nancy-kofte du har strikka! Du er så fin i den. Liker også godt den vakre naturen rundt. Denne kofta kommer du til å ha glede av i mange år. Fant bloggen din på Din strikkeblogg. Legger meg til som følger. Alltid kjekt med nye bekjentskaper.

    Hilsen Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggjeleg kommentar, Ingunn. Er godt fornøgd med kofta, og ikkje minst val av fargar. Kjekt at du vil fyøgje meg vidare :) Riktig god helg til deg.

      Slett
  2. For en fin presentasjon av en nydelig kofte!! Den ble veldig fin på deg.

    SvarSlett
  3. Utruleg fin i kofta di, dyktig du! Lurar på korleis neste kofte ser ut :-)

    SvarSlett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...