11. mai 2014

Hipp, Hipp, HURRA!

Skjørtet som vart begynt på i går er no ferdig. Dette er utan tvil eit kjekt lite prosjekt - med eit like nydeleg resultat. Eit skikkeleg 17.mai-skjørt vart det denne gongen :)


Perfekt til ei lita prinsesse. Skjørtet er strikka med "underskjørt", og er strikka i størrelse 2-4 år.


Denne gongen har eg brukt Senjagarn frå Nille. Skjørtet er strikka på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 12 gongar, midt bak.


Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eg har tidlegare anten hekla eller tvinna snorene, men den tida er det definitivt slutt på no. Eg synast at  i-cord snorene vert mykje finare. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage, i tillegg til at dei er veldig lette å knyte.


Oppskrift på hekla blomst kan du finne herTips; Fest pynten med ei sikkerhetsnål. Då kan den lett takast av eller byttast ut, og skjørtet kan dermed nyttast til andre anledningar :)

2 kommentarer:

  1. Takk for at du gav meg inspirasjon til og prøve denne oppskriften Kjempe fine skjørt :) har linka til bloggen

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk. Kjekt å dele inspirasjon når ein kjem over slike flotte oppskrifter :)

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...