18. mai 2014

Dagens outfit!

Eg har strikka endå eit av desse skjørta som er blitt så utruleg populære. Men, denne gongen har eg lagt opp langt fleire masker og strikka det i størrelse vaksen (small).


Skjørtet er strikka i "Emilie" frå Spar Kjøp. Har strikka det på pinne 4,0 mm, og eg har tatt
utgangspunkt i denne oppskrifta.


Eg har strikka underskjørtet litt kortare enn det som er oppgitt i oppskrifta (2 mønsterrapportar + 12 omg. rett). La opp 252 masker. Når det kjem til felling på skjølve skjørtet har eg valt å felle 2 masker kvar fjerde omgang, totalt 20 gongar, midt bak.



Snora i skjørtet er laga ved hjelp av i-cord. Den mest geniale teknikken nokon sinne. Eit stort pluss for at dei er superenkle å lage. Filmklipp som syner framgongsmåte finn du her.


Alt i alt er eg superfornøgd med dette skjørtet.

6 kommentarer:

  1. Veldig fint i ung voksensstørrelse også!

    SvarSlett
  2. så utrolig flott :) hvordan klarer du å finne ut til voksen str? kunne virkelig tenkt å strikket et sånt skjørt selv.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Eg tok rett og slett ein råtipp og la opp 252 masker og skjørtet passa perfekt - str. S. Mønsteret går opp i 12 masker, så då er det berre å trekke frå evt. leggje til masker slik som ein ynsker :)

      Slett
  3. aha, men jeg må ha xxl. hvordan skal jeg ta telle meg frem. jeg er litt grønn enda når det gjelder strikking

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er nok ingen "racer" når det kjem til å tilpasse oppskrifter - så du må nok finne nokon som kan hjelpe deg, evt. ta ein råsjangs slik som meg :)

      Slett

Tusen takk for at du tar deg tid til å kommentere dette innlegget ❤

Kommentaren må godkjennast før den vert lagt ut på bloggen,
det vil difor kunne ta noko tid før den vert synleg.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...